Nominasjonsnemnda i Gloppen Senterparti har funne sin ordførarkandidat
Gloppen Senterparti si nominasjonsnemnd foreslår Karoline Bjerkeset som ordførarkandidat til kommunestyrevalet 2027
– Nominasjonsnemnda i Gloppen Senterparti er svært glad for å kunne leggje fram forslag om Karoline Aldis Bjerkeset som vår ordførarkandidat ved kommunevalet hausten 2027, seier leiar i nominasjonsnemnda, Magni Aa Berge i ei pressemelding måndag.
Karoline Bjerkeset har solid politisk erfaring. Ho har vore medlem av kommunestyret dei to siste periodane, og sit i formannskapet. Ho har i tillegg vore engasjert i Senterpartiet sidan studietida, både lokalt, på fylkesnivå og nasjonalt med ei rekkje ulike verv og oppgåver. Gjennom mange år har ho opparbeidd seg brei politisk erfaring og god innsikt i saker som er viktige for innbyggjarane i Gloppen.
Karoline har markert seg som ein tydeleg og kunnskapsrik politikar som tek ordet i viktige saker og arbeider målretta til det beste for glopparane. Ho er løysingsorientert, god til å samarbeide, og modig. Nominasjonsnemnda meiner Karoline har dei eigenskapane som skal til for å vere ein samlande ordførarkandidat som kan fronte Gloppen på ein truverdig måte og fremje Gloppen Senterparti sin politikk i den komande kommunestyreperioden.
– Vi har stor tru på at veljarane vil ha tillit til henne, seier leiaren i nominasjonsnemnda.
Til dagleg arbeider Karoline Bjerkeset ved landbrukskontoret for Gloppen og Stad. Ho har god innsikt i korleis offentleg administrasjon og politikk fungerer gjennom tidlegare arbeidserfaring frå både storting, fylkeskommune og statsforvaltarembete. Ho kombinerer fagleg kunnskap med praktisk erfaring og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet.
– Det er òg historisk at Karoline Bjerkeset er den første kvinnelege ordførarkandidaten frå Gloppen Senterparti. Vi er stolte over å kunne foreslå henne som vår ordførarkandidat. Ho har erfaring, tryggleik og eit sterkt engasjement for Gloppen, seier Aa Berge.
– Eg er glad for tilliten som nominasjonsnemnda har synt meg. Eg ynskjer, dersom partiet vil og veljarane gjev oss tillit, å vere ein synleg ordførar. Ein ordførar som arbeider for at folk skal kunne bu og leve gode liv i alle delar av kommunen og som medverkar til å løfte fram utfordringane som folk opplever i kvardagen rundt om i lokalsamfunna våre, seier Karoline Bjerkeset.
– Nominasjonsnemnda skal arbeide vidare med eit heilskapleg listeframlegg som vert lagt fram for nominasjonsmøtet i Gloppen Sp seinare i år. Vi ønskjer alle ein god valkamp når den tid kjem, avsluttar Magni Aa Berge.