Partileiarar og finansministeren heldt pressekonferanse i forkant av den siste budsjettkonferansen, som er onsdag og torsdag. F.v.: finansminister Jan Tore Sanner (H), kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V), statsminister Erna Solberg (H) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

No skrur regjeringa igjen krana – slutt på krisebudsjetta

Finansministeren lovar å seie mykje «nei» i forhandlingsinnspurten til neste års statsbudsjett. Norsk økonomi går bra igjen, og oljepengebruken skal ned.

– Ja, det blir mykje nei, seier finansminister Jan Tore Sanner (H) til NTB.

– Det er alltid mykje nei frå finansministeren, skyt statsminister Erna Solberg (H) inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge to konstaterte at norsk økonomi er på veg inn i ein høgkonjunktur, då dei onsdag gjekk inn til dei siste forhandlingane om neste års statsbudsjett. Tal SSB la fram førre veke, viser at økonomien allereie er tilbake på same nivå som før pandemien.

Dermed er tida inne for å få oljepengebruken ned under prosentgrensa i handlingsregelen, som seier at det maksimalt skal brukast tre prosent av avkastinga til oljefondet.

– Handlingsregelen tilseier jo at ein kan bruke meir i kriser, og så må ein bruke mindre i gode tider. Og viss ein ser på dei åtte åra vi har regjert, så har vi samla sett lege under rettesnora på tre prosent. Til neste år er målet mitt at vi skal under tre prosent, seier Sanner.

Han meiner det er viktig å liggje under grensa.

– Det handlar om å ta vare på pengane til framtidige generasjonar, men det handlar òg om norsk økonomi, som no går inn i ein høgkonjunktur, og då er det viktig at vi held tilbake på oljepengebruken.

(©NPK)