
No kan du kjøpe Nøtte og Sunda til blodpris på Finn
Etter at det blei kjent at påleggsprodukta Nøtte og Sunda går ut av produksjon blir Finn.no fylt med tilbod og etterspørsel for dei to gamle favorittane.
– Kryssar fingrane for at ein der ute har litt for mykje av begge slag til ein pris eg kan betale, skriv ein som oppgir å vere 78 år.
– Desse var det eit stort strev å få tak på, skriv ein annan som vil ha 400 kroner per boks, ti gongar meir enn ein inntil nyleg måtte ut med på nettbutikken Oda.
Sunda, starta salet i 1930, mens Nøtte har vore i sal sidan 1964. No er det slutt ettersom det er for få igjen som kjøper dei.
– Eg håper folk etter kvart kan finne andre favorittpålegg, som Nugatti. Nøtte og Sunda har jo vore offer for Nugattis suksess, seier kommunikasjonsrådgivar Kristoffer Vikebak i Orkla til Nationen.
Han fortel at fabrikkane no er tomme, men har ikkje oversikt over kor mykje som er igjen i butikkane.
Den siste Sunda-boksen er likevel ikkje sendt ut. Han skal nemleg auksjonerast bort under TV-aksjonen til inntekt for Atlas-alliansen, paraplyorganisasjonen for dei funksjonshemma, seinare i haust. (©NPK)