Stad Skipstunnel. Illustrasjon: Snøhetta/Kystverket.

– No er det ingen veg tilbake

– Det er svært gledeleg at H/V/KrF-regjeringa set av heile 440 millionar kroner til Stad Skipstunnel på Statsbudsjettet for 2022. No er det ingen veg tilbake.

Det seier ny stortingsrepresentant for Venstre og avtroppande ordførar i Stad, Alfred Bjørlo, i ein kommentar til framlegget frå Solberg-regjeringa til Statsbudsjettet 2022.

Alfred Bjørlo.

– Stad Skipstunnel er eit prosjekt som vil opne opp Vestlandet sjøvegen, og skape ei heilt ny tidsrekning for persontransport, godstransport, reiseliv og verdiskaping på kysten. Venstre har kjempa for Stad Skipstunnel heilt sidan eg vart aktiv i politikken på 1980-talet, og eg er svært glad for at Venstre i regjering no er med å ta prosjektet heilt i mål, seier Bjørlo og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fleirtalspartia dei siste åtte åra (Høgre, Venstre, KrF og Frp) har gjennomført eit historisk løft for samferdsleinvesteringane både på veg, jernbane og sjø. Det er avgjerande for næringsliv og busetnad på Vestlandet at ikkje ambisjonsnivået innanfor samferdsle blir redusert med eit nytt stortingsfleirtal som har gitt mange og dyre løfte på andre område. Venstre vil dei neste fire åra vere ein garantist for ei sterk samferdslesatsing både på veg og sjø på Vestlandet.