No kan du lese nynorsk på Vy sine nettsider. Foto: Berit Roald / NTB scanpix/ NPK

No blir det nynorsk på Vy sine nettsider

No kan du velje nynorsk som språkval på Vy si nettside, og store delar av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk.

– Nynorsk kan brukast overalt til alt, og då er det sjølvsagt heilt rett at det er nynorsk på nettsidene til Vy. Særleg stas er det å sjå at ein stor og viktig aktør som når ut til mange, tek i bruk begge dei norske skriftspråka, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

No kan ein blant anna lese artiklar frå Vy med tittelen «Kvar vil du reise».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange av passasjerane våre brukar nynorsk i kvardagen. Vi ønskjer å gjere det enkelt å reise miljøvennleg, og enkelt å bruke våre kanalar. Vi er glade for at vi no kan tilby nynorsk nettside, seier Merete Møystad, marknadsdirektør i Vy.

(©NPK)