
Nesten nok nynorsk på NRK
NRK oppfylte kravet om minst 25 prosent nynorsk på radio og TV i fjor, og var tettare på enn nokon gong før på nett, med 23,2 prosent nynorsk der.
Dermed kom NRK i nynorskmål på to av dei tre medieplattformene sine. Delen på radio var 25,2 prosent og kravet oppfylt for første gong sidan 2019. På TV var nynorsk-andelen 29,4 prosent, ifølgje Allmennkringkastingsrapporten 2024 frå Medietilsynet.
– Språkoppdraget til NRK er viktig, og Medietilsynet har i fleire tilsyn peika på at NRK må styrkje nynorskbruken i tilbodet sitt. Derfor er det bra at NRK har jobba systematisk med dette, og at tiltaka no verkar, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.
Tilsynsrapporten viser elles at NRK i det store og heile oppfylte allmennkringkastingsoppdraget i fjor. Dette inkluderer språkoppdraget om innhald på teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk, i tillegg til innhald på norsk og samisk.
Sidan 2023 er det i tillegg krav om at NRK speler 40 prosent norsk musikk på i alt ti kanalar og fremjar musikk av samiske artistar, komponistar og tekstforfattarar, og dessutan talent frå nasjonale minoritetar. (©NPK)