Frå ei brannøving på Hundorp. Foto: Paul Kleiven/NTB/NPK.

Nesten ingen gjennomfører brannøving heime

Seks av ti er bekymra for brann i bustaden, men nesten ingen gjennomfører brannøving heime, viser ei ny undersøking.

61 prosent oppgir at dei er bekymra for ein brann i bustaden, medan 22 prosent er bekymra for vass- eller kloakklekkasje, viser ei undersøking gjennomført av Kantar for Norsk brannvernsforeining og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Deretter følgjer innbrot (20 prosent), skadedyr eller sopp (16 prosent) og andre hendingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men sjølv om brann er blant dei største bekymringane våre for bustaden, er det berre ein av ti som har gjennomført ei brannøving heime siste år.

– Ein brann kan vere dødeleg, svært øydeleggjande og traumatiserande, det er ikkje rart vi er redd for det. Heldigvis er det fleire ting du kan gjere for å vere best mogleg førebudd. Sjekk at røykvarslarane og sløkkeutstyret fungerer, test rømmingsvegar, avtal ein møtestad ute, og snakk saman om kva de gjer om alarmen går, seier Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB, i ei pressemelding.

Rolf Søtorp, administrerande direktør i Norsk brannvernsforeining, seier det ikkje er lett å halde hovudet kaldt når huset blir fylt med røyk og kroppen blir fylt med adrenalin, sjølv om du trur du hadde handla rasjonelt.

– Ein har kanskje berre minutt på å få heile familien i tryggleik. Øv på evakuering heime, det skaper tryggleik for barn og vaksne, seier Søtorp.

(©NPK)