Det er utruleg å sjå kor fort barna meistrar bakkane våre. Dei tilpassar leiken til den nye leikeplassen vår, og er kreative og glade.

Naturleikeplassen er gull verdt

Leik i naturen i all slags vêr og ulike årstider er gull for alle barn.

Ein kan bli glad av ein bukett med flotte haustblad.

Leik med naturmateriale stimulerer fantasien og kreativiteten til barna. Dei lærer om seg sjølve, plantar og dyr. Vi ser at meir og meir av barna sin aktivitet skjer i tilrettelagde hallar, anlegg og leikeapparat. Å flytte seg i ulendt terreng, klatre i tre, på steinar og opp og ned bakkar gjev dei betre og meir variert trening. Interessa for naturen, og for å ta vare på den, heng saman med gode naturopplevingar.

Endrar seg frå dag til dag 

Skiftingar i vêr og årstider gjer at leikeplassen endrar seg litt frå dag til dag og frå månad til månad. Dersom ein i tillegg har mange plassar utanom barnehagen som ein kan gå tur til - slik vi har - er ein ekstra heldige.

Leik i sølepyttar er dei fleste barna sin favoritt. Vi vaksne tenkjer nok meir på om dei har nok klesskift med seg, og om dei kjem til å bli våte og kalde. Men barna lagar mykje rart av jord og vatn, frå sement til den deiligaste baksten. Dei storkosar seg når vatnet sprutar høgt.

Når snøen kjem, kan ikkje barna kome seg fort nok ut. Dette er ein merkedag i barnehagen. I starten går akinga seint i laus snø, men etter kvart som snøen blir trykt saman går det fortare og fortare.

Det nye uteområdet vårt har vore mykje nytta til stisykling. Det er utruleg å sjå kor fort barna meistrar bakkane våre. Dei tilpassar leiken til den nye leikeplassen vår, og er kreative og glade.

Sandkasse 

Nokre leikeapparat er kjekke og naudsynte å ha i ein barnehage. Det fyrste vi fekk på plass når vi hadde flytta var sandkassa. Men vi må ikkje tru at leiken blir betre og betre til fleire leikar og apparat vi skaffar oss. 

Barn treng plass til å bruke kroppen, og med ein natur som endrar seg vil det alltid vere noko nytt å utforske. Pinnar, stokkar, konglar, plantar, sand, jord, vatn, snø og smådyr -dette er leikemateriale som vi alltid finn i naturen.

Dyrking av frukt, bær, blomster og grønnsaker: Vi lærer om årstidene og om kva som trengst for å få til ei avling. Plantar treng stell og vatn, og dei må få stå i fred til dei er klare til hausting. Vi har god plass, og vi vil plante meir i tida framover. Vi lærer at vi ikkje kan ete alt vi finn, men at tistlar og brennenesle er lurt å halde seg unna.

Barna våre lærer å bruke reiskapar i lag med trygge vaksne.
Her har Esther laga seg ein stor, fin barkebåt.
Når barna leikar ute i naturen, lærer dei mykje.

Retten til å leike 

Forventningar om læring og tidlig innsats for å førebu barna til skulen, kan gå utover den frie leiken. Barna har rett på å få leike, og frileiken skal vere eit mål i seg sjølv.

Alt dei lærer i leiken ser vi på som ein fantastisk bonus.

Fri leik i naturen er ein del av ein god barndom. Barn som mistar nærleiken til naturen mister også ein arena for å forstå samanhengane vi alle er avhengige av.

Austrheim barnehage

Rammeplan for barnehagen

"Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider. Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring."

 

Powered by Labrador CMS