Hausten aukar risikoen for møte mellom bil og vilt. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

NAF åtvarar om auka viltfare på norske vegar i haust

Hausten er høgsesong for slike ulykker, og meir enn ein av fire bilførarar er bekymra for å køyre på vilt på sine daglege reiser.

Publisert

NAFs trafikantbarometer viser at 29 prosent av dei spurde er bekymra for å møte vilt når dei køyrer bil. Dette er ein høgare prosentdel enn dei som er bekymra for møteulykker.

– Hausten er spesielt risikoutsette månader. Dels fordi viltet vandrar på denne tida av året, men også fordi jakta forstyrrar dyra. Om morgonen, om natta og i grålysinga er faren for å treffe på vilt aller størst, seier Jan Harry Svendsen, rådgivar i NAF, i ei pressemelding.

NAF oppmodar bilistane til å følgje med og sjå langt fram, aktivt sjå etter vilt langs vegen og ta fareskilt på alvor og setje ned farten.

Svendsen understrekar at om ulykka skulle vere ute, må ein merke skadestaden og ringe politiet. Han åtvarar også mot å følgje etter skadde dyr ut i terrenget, då dette kan øydeleggje sporet for ettersøkshundar. (©NPK)

Powered by Labrador CMS