Mykje regn gir skredfare på Vestlandet

Det er sendt ut farevarsel for både mykje regn, skredfare, flaum og snøfokk på Vestlandet dei neste dagane.

Publisert Sist oppdatert

Meteorologisk institutt har sendt ut ei rekkje farevarsel dei neste dagane.

Det er venta opp mot 80 millimeter nedbør i løpet av 12 timar, og inntil 110 millimeter i døgnet på enkelte stader.

Både vinden og regnet er restane av stormen Bram som for tida rammar Storbritannia, skriv Bergens Tidende.

– Det er nok dei som får han, men vi får kjenne at det blir vind og vått i Noreg òg, seier vakthavande meteorolog Anne Solveig Andersen til avisa.

Norsk vassdrags- og energidirektorat (NVE) har også sendt ut gult farevarsel både for flaum og for jord- og flaumskred for delar av Vestland.

Over fjellet er det varsla kraftig snøfokk på torsdag, noko som særleg kan ramme dei høgaste fjellovergangane. (©NPK)

Powered by Labrador CMS