MDG sitt budsjett: Vil auke skattar og avgifter med 20 milliardar
MDG vil rydde opp i kollektivtrafikken, naturen og doble barnetrygda. Skattar og avgifter vil auke med 20 milliardar kroner i det alternative budsjettet deira.
– Alt ligg til rette for at vi skal få gjort store grep med norsk miljøpolitikk for alltid, seier MDG sin nestleiar og finanspolitiske talsperson Ingrid Liland.
Berre timar før dei fire samarbeidspartane skal møte Arbeidarpartiet til forhandlingar om neste års statsbudsjett, la eit MDG struttande av sjølvtillit fram det alternative statsbudsjettet sitt.
Ikkje uventa vil miljøpartiet går til forhandlingane med ei rekkje krav knytte til norsk petroleumsindustri, mellom anna eit forslag om å innføre ei produksjonsavgift på 4,5 milliardar for alle selskap på norsk sokkel.
Vidare går MDG til forhandlingane med fem hovudkrav som går på å løfte kollektivtransporten, planleggje utfasing av olja, naturvern, kamp mot fattigdom og utanforskap i Noreg, og hjelp til Gaza, Sudan og Ukraina.
Ifølgje budsjettet vil dei totale skattane og avgiftene auke med 20 milliardar.
Sjølve presentasjonen av budsjettet skjedde med symbolsk planting av urter oppe på ei oljetønne og med servering av tutti-fruttikake.
– Vi har tenkt å naile eit grønare statsbudsjett, sa partileiar Arild Hermstad, tydeleg stolt over dokumentet han kunne leggje fram.
– Dette budsjettet er slik Noreg ville sett ut dersom vi hadde all makt og innverknad, og ei oppskrift på korleis vi kan sikra folk som lever i dag og dei som kjem etter oss, sa Hermstad vidare. (©NPK)