Matvareprisane steig mykje i juli: – Uvanleg høg vekst

Prisane på mat og alkoholfrie drikkevarer steig heile 4,4 prosent frå juni til juli i år. Det er uvanleg høg vekst for juli månad.

Publisert Sist oppdatert

Høgare prisvekst i juli månad er berre målt to gonger tidlegare, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Auka matprisar i juli passar godt med mønsteret vi har sett over tid, der prisendringar frå leverandørane blir innfasa denne månaden. Samtidig er årets prisvekst i juli blant dei høgaste vi har sett, trass i signal frå bransjen om at dei vil bort frå denne ordninga med fast tidspunkt for prisforhandlingar, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.

Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer var 5,9 prosent høgare i juli enn for eitt år sidan.

Kaffi, kakao og frukt er blant det som har trekt opp prisane dei siste tolv månadene.

– Prisane på kaffi og sjokolade har stige mykje dei siste månadene. Dette kan sjåast i samanheng med utviklinga av råvareprisane på kaffi og kakao, som har vore svært høge gjennom 2025, seier Kristiansen.

Powered by Labrador CMS