Mann funnen omkomen i Jølster

Ein ung mann blei onsdag føremiddag funnen død i terrenget i Jølster. 

Mannen blei meld sakna tysdag, og det blei leita etter han heile påfølgjande natt.

Det var leitemannskap som fann han. 

Politiet opplyser til NRK at det ikkje er mistanke om noko kriminelt. 

Pårørande er varsla. 

Powered by Labrador CMS