UT PÅ BÆRTUR: Den store interessa for å sylte og safte har i år ført til at salet av produkt til slike fritidsaktivitetar har skote i vêret. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Mange vil safte og sylte

Er du på jakt etter bærplukkarar eller anna utstyr for å safte og sylte, er du denne sommaren ikkje åleine.

Salet av slike produkt har i sommar skote i vêret som aldri før, fortel Nationen.

Hos Jernia-kjeda har salet av safte- og sylteprodukt auka med heile 132 prosent dei tre siste månadene. Det har også vore ein stor auke i salet av utstyr til å grille, stelle i hagen og pusse opp, fortel Jernia-direktør Trygve Haldorsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tendensen er den same hos byggjevarekjeda Maxbo, som har hatt salsauke heile våren og sommaren.

Tal frå betalingstenesta Klarna viser at mange under koronakrisa har valt å handle slike varer via nettet.

– Det norske nettsalet av hus- og hageprodukt auka med 71 prosent i juni og 52 prosent i år samanlikna med i fjor, fortel marknadsdirektør i Klarna Norge, Thomas Elvestad, til avisa.

(©NPK)