Det blir framleis mange som synest det er flautt å ha lus i hus og mange foreldre sjekkar ikkje barna sine godt nok. Foto: Erik Johansen/NTB/NPK.

Mange sjekkar ikkje barna sine tilstrekkeleg for lus

Foreldre synest det er flautt med lus og mange kvir seg for å seie frå om tilfelle. Samtidig viser ei fersk undersøking at fire av ti foreldre ikkje sjekkar barna sine for lus særleg nøye.

På vegner av Farmasiet har YouGov gjennomført ei undersøking blant småbarnsforeldre. Den viser at det finst svært ulike haldningar til lusproblematikken.

– At det framleis er litt tabu rundt lus synest eg er tullete. Det rammar heilt tilfeldig og er ikkje farleg, berre plagsamt for den som får det. Ver open og sørg for at alle får vite om det så tidleg som mogleg, seier Stig Henning Pedersen, farmasøyt og driftsdirektør i Farmasiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje FHIs tilrådingar bør ein sjekke alle i husstanden minst éin gong i månaden, og dessutan før skule- og barnehagestart. (©NPK)