
Mange musikalske innslag på Heradsplassen
Det blir mange, varierte og lokale innslag frå scena på Heradsplassen på laurdagen under Sandanedagane.
Det startar på føremiddagen med Hyen spelemannslag som framfører kjende og kjære tonar.
Litt andre takter vert det nok når eit band med dagens elevar og tidlegare elevar ved Firda vgs overtek scena.
Annonse
Ei talentfull dame er Maria frå Stadlandet, også kjend som Maria frå The Voice, som held konsert utanfor Heradshuset. Kvelden før opptrer ho i Trivselshagen, saman med Tre kvinner og ein mann.
Laurdagen får ein også med seg ein minikonsert med Sandane Soul Children.
Også på søndagen vert det musikalske innslag frå scena med Åsaliv Røgeberg, kjend som ung-influenser i Gloppen, og jølstringen Aksel Roko Eide.