Mållaget er skuffa over nynorsk budsjettkutt
I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på 775.000 kroner.
Mållaget fekk 8.595.000 i 2026. I framlegget til statsbudsjett neste år får dei 7.820.000
– At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn nynorsk er berre ufatteleg, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, i ei pressemelding.
I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er løyvinga til Noregs Mållag altså føreslått kutta med 775.000 kroner. Mållagsleiaren er sjokkert og kallar kuttet oppsiktsvekkjande.
– Vi har svært mykje ugjort på vegner av nynorsken. Noregs Mållag arbeider med store utfordringar for nynorsken knytt til mellom anna den digitale kvardagen og for nynorskelevane i skulen, seier Peder Lofnes Hauge.
I statsbudsjettforliket for eitt år sidan gjekk Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, Raudt og MDG inn med ein million ekstra til Noregs Mållag. Medrekna reguleringa for prisvekst, er millionen no stroken.
– No må budsjettpartnarane kjempe dette inn igjen. Det er ein frykteleg usympatisk måte å styre landet på, meiner mållagsleiaren. (©NPK)