
Må vente i 15 månader på lønn
Dei 170 tilsette i Brødrene Aa som står utan arbeid etter konkursen 30. mai, må vente i 15 månader på å få lønn.
Det skriv Kystens Næringsliv.
Arbeidarane har rett på lønn og feriepengar frå Lønnsgarantifondet, men då NAV var på arbeidsplassen og informerte, fekk arbeidarane vite at det vil gå minst 15 månader før dei får lønna verksemda skuldar dei.
Nå det gjeld opptente feriepengar frå 2024, vil det gå minst to månader før desse blir utbetalte.
Dette stadfestar seniorrådgjever Nafisa Zahee i NAV overfor avisa.
Klubbleiar Jon Vidar Storsletten seier det er full krise for mange tilsette når dei verken får lønn eller feriepengar:
– Særleg dei som lever frå lønn til lønn til lønn, og gjerne har lån dei skal betjene, opplever dette som vanskeleg.
Bustyrar Håvard Wiker seier til Kystens Næringsliv at bustyret har vendt seg til Sparebank1 Sogn og Fjordane for at dei tilsette kan få utbetalt eit nettolån som tilsvarer det dei skulle hatt i lønn.
Kommunikasjonsdirektør Johanne Sandnes stadfestar at banken i samarbeid med bustyret er i gang med å finne ei løysing for forskottering av lønn og feriepengar, men seier ikkje noko om når ei slik løysing kan vere klar.