
Lyser ut 15 millionar til nyskaping i kulturlivet
Vestland meir enn doblar den nasjonale potten på 7,4 millionar kroner og lyser no ut 15 millionar gjennom den nye tilskotsordninga Regionalt kulturfond Vestland.
Den nye tilskotsordninga skal bidra til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet og styrke samspelet mellom frivillige og profesjonelle. Ho skal også forsterke den lokale og regionale kulturfrivilligheita og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet.
Leiande kulturfylke
Vestland har fått 7,4 millionar frå Kultur- og likestillingsdepartementet gjennom den nye statlege tilskotsordninga Regionalt kulturfond.
– Når vi meir enn doblar den nasjonale potten her, syner vi at Vestland er eit fylke som verkeleg prioriterer kultur og tek rolla som det leiande kulturfylket. Regionalt kulturfond Vestland skal gå til utviklingsprosjekt som bidreg til visjonen i den regionale kulturplanen om at kultur bygger samfunn. Difor skal det regionale kulturfondet løfte både frivilligheita og dei profesjonelle aktørane, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Kven kan søke?
Det nye kulturfondet gjeld for frivillige og profesjonelle aktørar i kulturfeltet, som har aktivitetar i Vestland. Kulturfeltet gjeld i dette tilfellet aktørar med verksemd innan blant anna musikk, teater, dans, visuell kunst, litteratur, kulturarv og handverk.
Fristen for å søkje tilskot frå Regionalt kulturfond Vestland er 15. september. Løyvingane i ordninga vil i hovudsak liggje mellom 100 000 kroner og 2 millionar kroner.
Prioriterer nyskaping
I tildelinga vil fylkeskommunen prioritere prosjekt som bidreg til eit nyskapande og utforskande kulturliv, prosjekt som styrker nettverk, kunnskap og/eller mangfald, og prosjekt som legg vekt på å redusere klima- og miljøavtrykk.
Den tidlegare tilskotsordninga kulturelt utviklingsprogram er no bygd saman med det nye regionale kulturfondet.