
Lite tyder på at Ap-regjeringa kjem til å hindre nedbygging av helsetilbodet i regionen vår
Helse Førde står overfor eit underskot på 150 millionar kroner. På bakgrunn av dette vurderast det no fjerning av skadepoliklinikk og God start på Nordfjord sjukehus, samt nedlegging av ortopedien på sjukehuset i Lærdal.
Dei foreslåtte kutta vil medføre at pasientar og foreldre må legge ut på lange reiser, som betyr ein betydeleg auke i persontransport langs vegnettet vårt. Vi risikerer dessutan forvitring av fagmiljø, og at vi kjem inn på eit spor som over tid kan truge lokalsjukehus i sin heilskap.
Utfordringa som Helse Førde no står i, må sjåast i samanheng med svakheiter i finansieringssystemet. Helseføretaka, som er eigde av staten, må paradoksalt nok betale renter tilbake til staten på lån til investeringar og drift av sjukehusa. Det gjer at dei sit att med mindre pengar til pasientbehandling.
FrP meiner dagens helseforetaksmodell skapar unaudsynte kostnadar og byråkrati. Vi ynskjer å avskaffe landets fire regionale helseføretak og erstatte dei med ei nasjonal styringseining og sjølvstendige, lokale helseføretak. Langsiktig planlegging og finansiering vil sikre effektiv utbygging og betre vedlikehald av sjukehusa. Dagens praksis, kor drift og investering blandast saman, må endrast på. Investeringar i sjukehus skal ikkje gå på bekostning av pasientbehandling. Fjerner ein høgtlønna direktørar, sit vi også att med meir å bruke på pasientane.
Med sjukehus over heile landet som står i utfordrande situasjonar, foreslo FrP i alternativt statsbudsjett for 2025 å styrke sjukehusa betydeleg meir enn regjeringa. Det ville gitt kortare ventetider og betre pasientbehandling. Ein må hugse at politikk ofte handlar om å prioritere midlar. Forsøker ein å prioritere alt på éin gong, prioriterer ein ikkje i det heile.
Fleire parti tek no til orde for systemendring i helseføretaksmodellen. Nokon av dei er tydelege på at dei ynskjer seg tilbake til at fylkespolitikarane skal ha ansvaret for sjukehusa. Det er ikkje alt som var betre før, og at fylkeskommunen skal styre sjukehusa er ikkje noko betre idé no enn då ein slutta med det.
Lite tyder på at Ap-regjeringa, som no har fått fornya tillit, kjem til å hindre nedbygging av helsetilbodet i regionen vår. Tolv av partiets ordførarar i Sogn og Fjordane har bedt helseministeren ta grep mot kutta som er foreslått. Men i svaret frå departementet heiter det at; “det er riktig og naudsynt at helseføretaka gjer tiltak for å sikre at sjukehuspersonellet blir nytta på ein best mogleg måte.” Dette gjev lite håp for at Ap vil gripe inn.
Stig Even Lillestøl og Bård Hoksrud,
stortingsrepresentantar Framstegspartiet