Langt færre gardar – men same jordbruksareal

Stadig færre gardar blir lagde ned her i landet, men jordbruksarealet held seg stabilt.

Publisert

Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for 2024 viser at det var 36.800 aktive jordbruksbedrifter i Noreg. Det er ein nedgang på 76 prosent frå 1969, då det var 155.000 jordbruksbedrifter her i landet.

Dei siste 50 åra har tre av fire gardsbruk lagt ned drifta. Sidan 1999 har 48 prosent av gardsbruka slutta med jordbruksdrift.

Jordbruksarealet er på rundt 10 millionar dekar, rundt tre prosent av landarealet i Noreg. Ei årsak til at dette held seg stabilt, er at mange av gardsbruka som legg ned, sel eller leiger bort arealet til aktive jordbruksbedrifter. (©NPK)

Powered by Labrador CMS