Statens lånekasse for utdanning set opp renta frå 1. mars. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Lånekassen aukar fastrenta

Lånekassen set opp fastrentesatsane frå 1. mars, men held dei framleis låge. Fem- og tiårsrenta aukar mest, med 0,13 prosentpoeng.

Dei nye fastrentesatsane blir 1,56 prosent for lån med tre års bindingstid, 1,75 prosent for lån med fem års bindingstid og 2,07 prosent for lån med ti års bindingstid.

Det er ein auke på høvesvis 0,08, 0,13 og 0,13 prosentpoeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fastrentene som gjaldt frå 1. januar, var dei lågaste i Lånekassens historie. Sjølv om rentesatsane går noko opp frå 1. mars, er dei framleis låge, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen.

Den flytande renta blir auka til 1,40 prosent i mars og april. Den var på rekordlåge 1,39 prosent i januar og februar.

(©NPK)