Krev forbod mot hogst i hekketida
Naturvernforbundet meiner det er ein dyretragedie som går føre seg i hjulspora til hogstmaskinene.
– Det er ein dyretragedie som går føre seg i hjulspora til hogstmaskinene. Akkurat i den tida då fuglar og dyr får ungane sine og er mest sårbare, blir store skogområde flatehogne. Då blir tusenvis av fugle- og dyreungar drepne, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, i ei pressemelding.
Ifølgje SSB vart det hogd 3,48 millionar kubikkmeter industritømmer 2. kvartal i fjor. Naturvernforbundet peiker på at dette er den same perioden som hekke- og yngletida, og meiner SSB-tala viser at skognæringa ikkje reduserer hogsten i 2. kvartal.
Hogst i hekke- og yngletida er lovleg i Noreg, og Naturvernforbundet har jobba i fleire år for å få til eit forbod. I eit brev til landbruksministeren i 2024 kravde forbundet stans i hogst i hekke- og yngletida frå 15. april til 15. juni. Sidan det har ingenting skjedd.
Sjølv om det ikkje finst eit generelt, absolutt forbod mot hogst, må aktsemdsplikta overhaldast, og unødig skade skal unngåast. Ifølgje naturmangfoldloven§ 15 og viltloven§ 46 er det forbode å skade reir, egg og ungar i hekketida (våren/sommaren), og dessutan å forstyrre fuglar og dyr i deira sårbare yngletid. Hekketida er primært april-juni/juli.
– Vi ber statsråden om å setje i gang eit arbeid for å oppdatere og modernisere skoglov og berekraftsforskrift i tråd med dagens kunnskapsgrunnlag og skogøkologisk forsking, seier Gulowsen. (©NPK)