Fleirtalet på Stortinget er samd om eit forslag til ny hundelov. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Krava til norske hundeeigarar blir skjerpa

Fleirtalet på Stortinget vart onsdag samde om eit forslag til ny hundelov som skal stille strengare krav til norske hundeeigarar.

Forslaget går mellom anna ut på at hundeeigarane må førebyggje og vere merksame for å unngå at hunden blir sett i ein situasjon der han kan gjere skade på folk, dyr, eigedom eller ting, skriv NRK.

Hundeeigarane må også skaffe seg nødvendig kompetanse om behovet til hunden, og dessutan kompetanse på trening av hund, den naturlege åtferda til hunden og bruksområde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norsk Kennel Klub (NKK) meiner forslaget er ei forbetring frå dagens lov, men er ikkje nøgd med at det framleis er politiet som skal vurdere om ein hund skal avlivast eller ikkje.

– Det betyr at tilfeldigheitene i stor grad vil avgjere, og at rettstryggleiken til hund og hundeeigar blir sett til side for å halde kostnader og saksbehandlingstid nede. Dette er svært uheldig og noko som absolutt burde vore retta opp i no, seier hovudstyreleiar i NKK, Tom Øystein Martinsen.

Den nye lova om forsvarleg hundehald er venta å vere ferdigbehandla i Stortinget 24. mai. (©NPK)