Kraftig kutt i løyvingar til post i budsjettforslaget – foreslår postlevering berre éin dag i veka
Ein firedel av løyvinga til kjøp av posttenester forsvinn i forslaget til statsbudsjett.
Med det foreslår Samferdselsdepartementet også at Posten som hovudregel berre skal levere brev éin dag i veka, skriv Samferdselsdepartementet i ein pressemelding.
Om dette forslaget blir ståande, vil det i så fall gjelde frå 1. juli neste år. (©NPK)