Køyrde i fjellveggen - mangla førarkort
Ein bil køyrde i fjellveggen inne i Sundafjelltunnelen på Riksveg 5 ved Florø natt til fredag. Politiet melde om ulykka kl. 03:42.
Politiet var framme på staden litt over kl. 04, og melde då at dei var i kontakt med førar som var vaken og bevisst. Han fekk tilsyn av ambulansepersonell. Ein passasjer var reist frå staden og hadde sjølv oppsøkt lokal legevakt.
Annonse
Bilførar blir meld for aktlaus køyring og for køyring utan gyldig førarkort.