Køyrde i 158 km/t i Jølster

Ein bilførar vart fråteken førarkortet etter å ha køyrd i 158 km/t gjennom Kjøsnestunnelen i Jølster torsdag kveld. 

Publisert Sist oppdatert

Det var UP som kontrollerte farten til trafikantar i tunnelen mellom Kjøsnes og Lunde i tidsrommet frå kl. 20:20 til kl. 23:30.

I tillegg til førarkortbeslaget, fekk fem førarar forenkla førelegg for å ha køyrd for fort. Høgste målte fart mellom desse var 112 km/t, opplyser Vest politidistrikt på politiloggen. 

Powered by Labrador CMS