Køyrde i 100 i 80-sona

UP gjennomførte laserkontroll i 80-sona på E39 på Vereide fredag.

Det vart skrive ut ti forenkla førelegg for høg fart, høgste målte fart var 100 km/t.

Det vart òg skrive ut eitt forenkla førelegg for mobilbruk, opplyser UP-patruljen.