
Kongen ser Koanda si gulljakt i Førde
Kong Harald sit på første rad når Solfrid Koanda satsar på å bli verdsmeister i vektløfting i Førde 9. oktober.
Det fortel Kongehuset i ei melding. Verdsmeisterskapen er lagd til Førdehuset og fyller 1700 plassar.
Arenaen er snikra saman som baugen på eit vikingskip. Arrangøren håpar å gi kongen, utøvarar og publikum eit minne for livet.
Annonse
– Anten ein er interessert i vektløfting eller ikkje, så blir det ei heilt unik oppleving å vere i salen, seier VM-general Stian Grimseth.
Koanda er regjerande olympisk meister i 81-kilosklassen. For tre år sidan vann ho VM-gull (87 kg). (©NPK)