Kongen på veg inn i Stortingssalen.

Kong Haakon på plass for å opne Stortinget

Kong Haakon kom fredag ettermiddag til Stortinget der han for første gong som konge opnar det kommande stortingsåret.

Publisert

I grått vêr med lett regn kom kongen køyrande nedover Karl Johans gate frå Slottet og til Stortinget, der han og kronprinsesse Ingrid Alexandra blei teken imot av kongeleg fanfare.

Dronning Mette-Marit deltek ikkje i opninga på grunn av sjukdom.

Kongen kjem normalt til Stortinget berre éin dag i året, i begynninga av oktober. Då opnar kongen eit nytt arbeidsår der. Dette kallast Stortingets høgtidelege opning og er eit sjeldan høve fordi alle dei tre statsmaktene er samla på éin og same stad: Høgsterettsjustitiarius og ein delegasjon frå Høgsterett, regjeringa og Stortinget.

Stortingssalen.
Kong Haakon på plass.

Reglane og rituala er i grove trekk dei same som då kong Haakon VII opna sitt første storting den 22. oktober 1906. Han leidde den høgtidelege opninga av Stortingets forhandlingar og las sin første trontale.

No er det kong Haakon VIIIs tur, sjølv om han eigentleg har vore gjennom rituala før. Då kong Harald var sjukmeld i 2020 under pandemien, opna Haakon, som kronprinsregent, Stortinget og heldt trontalen, då med mor dronning Sonja ved si side. (©NPK)

Powered by Labrador CMS