
Kommuneekspert: Norske kommunar manglar omstillingsevne
Kommunar i Noreg manglar omstillingsevne, hevdar kommuneekspert Håvard Moe frå KS Konsulent
Dette kjem fram i samband med ein kommande debatt i Stormen bibliotek i Bodø, der temaet er politikarane si manglande evne til å ta nødvendige grep.
Ei oppteljing frå NRK viser at kommunedirektørar foreslo å legge ned 80 skular i 2024, men politikarane gjekk berre med på 20 av desse. I Bodø blei ingen skular lagde ned etter at foreldreaksjonar gav dei folkevalde kalde føter.
Annonse
– Problemet er ikkje at det blir fleire eldre og færre yngre, problemet er at det blir ekstremt mange fleire eldre og mange færre yngre, seier Moe, som i mange år har reist rundt i Noreg og hjelpt kommunar med økonomiske utfordringar. (©NPK)