
Knallsterk 6.-plass til Thomas
Thomas Mardal, Gloppen Friidrettslag enda på 6.-plass i VM-finalen i sleggje i Tokyo tysdag ettermiddag.
Glopparen kasta ein svært jamn serie:
77,11, 77,70, 78,02, X, 76,83, 75,92.
Annonse
- Han har gjort ein fantastisk konkurranse, kunne trenar Paul Solberg slå fast overfor NRK etterpå.
- Eg føler eg har fått orden på noko det siste året. Det einaste som manglar er at eg skal få opp toppnivået mitt bittelitt, det er irriterande jamt. Eg er stolt over eigen innsats, 78,02 er eit kjemperesultat for meg, sa Mardal til allmennkringkastaren.
Den andre nordmannen i finalen, Eivind Henriksen, enda på 9.-plass med eit lengstekast på 76,47 meter.
Canadiske Ethan Katzberg gjekk til topps med eit kast på 84,70 meter. Tyske Merlin Hummel blei nummer to med 82,77 meter, medan ungarske Bence Halasz tok den siste pallplassen med 82,69 meter.