Kjøttdeigmangel fleire stader – ustabile leveransar
Butikkane slit med å få tak i nok kjøttdeig av storfe. Det betyr meir importkjøtt. Men situasjonen er venta å betra seg fram mot sommaren.
– Den totale tilgangen på norsk storfeslakt har vore anstrengt i perioden fram mot påske. Tilgangen på fersk slakt er noko redusert, og i tillegg er reguleringslagera, som kunne ha supplert marknaden med norsk slakt, tomme for storfe, seier Rolf Gjermund Fjeldheim i Nortura til Stavanger Aftenblad.
Han er leiar for avdelinga Norsk egg- og kjøttråvare i Nortura, som er marknadsregulator.
Aftenbladet har besøkt fleire butikkar i Stavanger for å leita etter kjøttdeig. Nokre av dei er heilt tomme for storfedeig, medan andre berre kan tilby importkjøttdeig.
Tal frå Norsk egg- og kjøttråvare viser at det vart importert 2575 tonn storfe i februar i år. Til samanlikning var tilsvarande tal for februar 2024 og 2025 høvesvis 689 tonn og 742 tonn.
Dei store butikkjedene stadfestar overfor avisa at det er vanskeleg å få tak i nok leveransar, og at dei har vore nøydde til å importera for å dekkja behovet.
Problema var størst fram til påske, og Fjeldheim i Nortura trur det vil betra seg framover.
– Me ventar at tilgangen vil betra seg gradvis framover mot sommaren, seier han til Aftenbladet. (©NPK)