Kjøpesenterkjede endrar namn
Thon Gruppen samlar no alle dei sjølveigde kjøpesentera sine under merkevara Thon Senter.
Totalt får 57 senter nytt namn, blant dei 34 Amfi-senter og 23 enkeltståande senter som tidlegare har hatt ulike namn.
Dei første sentera får dei nye skilta på fasaden frå og med veke 3 neste år.
– Dette gjer oss tydelegare og meir attkjennande for kundar, medarbeidarar og samarbeidspartnarar. Sentera har alltid vore ein del av Thon, men no gjer vi det også synleg ut mot folk. Ei felles merkevare gir oss større kraft i kampanjar, betre kundeopplevingar og ein sterkare posisjon i marknaden, seier Øyvind Tronier Halvorsen, direktør kjøpesenter i Thon Gruppen, i ei pressemelding.
Thon Senter er ei heilt ny kjede, sjølv om sentera ikkje er nye. Målet er å skape ein meir einskapleg identitet, samtidig som kvart senter framleis skal utviklast og driftast med lokal forankring. (©NPK)