Foto: ViteMeir.

Kjem til Sandane med aktivitetsbu

ViteMeir - Vitensenteret i Sogn kjem til Sandanedagane med aktivitetsbu laurdag.

Publisert Sist oppdatert

- Vi pakkar masse kjekt til aktivitetsbua vår og er klare for ein dag på Sandane, opplyser ViteMeir. 

ViteMeir er eit populærvitskapleg opplevings- og læringssenter som skal inspirere born og vaksne til å utforske og søkje nye opplevingar.

- Tenk deg ei blanding av teknisk museum, eit show, eit laboratorium og ein spennande leikeplass. Då har du eit lite inntrykk av kva vi er, skriv senteret på nettsidene sine. 

ViteMeir samarbeider med skuleverket om å utvikle ny kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida. 

Det er i dag 13 regionale vitensenter i Noreg. ViteMeir på Kaupanger er senteret for Sogn og Fjordane. 

På Sandanedagane får du ein liten smak av kva dei kan by på. 

Powered by Labrador CMS