Brannbamsen Bjørnis dukkar opp på Sandanedagane også dette året.

Kjekt møte med brannbamsen Bjørnis

På fredagen under Sandanedagane kan små og store få eit kjekt møte med sjølve brannbamsen Bjørnis. Han stiller saman med folk frå Gloppen Brannvern i sine tøffe brannbilar, så her blir det tid og rom for ein prat om godt brannvern og førebyggande arbeid. 

Ein tur inn i brannbilen kan også vere freistande. Bjørnis er flink til å gje born omsorg og tryggleik ved brann og andre ulukker, og han har ikkje minst gode råd å kome med.

Dei startar ved standen i Øvregata godt over lunsj, før det vert ein tur ned til heradshuset og så tilbake til Øvregata igjen. Det er berre på fredagen det vert høve å møte Bjørnis og co.

- Vi tykkjer det er kjekt å vere ute i lag med Bjørnis og prate om brannvern, og å få møte små og store i ein så positiv setting som under Sandanedagane, slår brannsjef i Gloppen, Kjell Aske, fast.

Powered by Labrador CMS