Jordbruksavtalen premierer større lam – villsaunæringa fortvilar

Villsaunæringa fortviler etter at jordbruksavtalen i år legg opp til at berre lam på over 15 kilo kan få fullt kvalitetstilskot.

Publisert Sist oppdatert

Medan sauebøndene i dag får 550 kroner i kvalitetstilskot for alle lam av ein viss kvalitet uavhengig av storleik, blir det etter jordbruksavtalen i år betre butikk å levere store lam og dårlegare butikk å levere små lam. Det skriv nationen.no.

Lam under 11 kilo slaktevekt får ikkje lenger kvalitetstilskot, medan lam mellom elleve og femten kilo gir 334 kroner i kvalitetstilskot. Bønder som leverer lam over 15 kilo blir premierte meir enn i dag, dei får heretter 720 kroner i kvalitetstilskot.

Staten forklarer omlegginga med at det er for lite lammekjøtt på den norske marknaden og at dei derfor ønskjer å stimulere på volum.

Leiar i Norsk Villsau, Tjalve Sørheim, er skuffa over årets jordbruksavtale.

– At inntektene våre no blir kutta dramatiske med eit pennestrøk er veldig skuffande, seier Sørheim.

Han driv med villsau på Sunnmøre. Sjølv om lamma hans er svært populære på privatmarknaden, blir berre eit fåtal av dei over 15 kilo.

– Medan ein sau kan leggje på seg 400 gram om dagen på dei beste beita i landet, er kystlyngheiane eit 150-grambeite. Dei som driv i slike område, kan ikkje berre byte sauerase, for dei mest effektive rasane ville truleg svelte i hel i eit slikt miljø. (©NPK)

Powered by Labrador CMS