Jølster Handbakklubb er ein aktiv klubb med mange gode brytarar.

Jølster Handbakklubb blir med på Sandanedagane

Laurdag under Sandanedagane kjem Jølster Handbakklubb for å stå på stand heile dagen. Her kan ein mellom anna få prøvd seg på ein kamp mot ein ven, eller berre få lære meir om sporten av fagdyktige folk.

Dette blir første gong handbakklubben kjem til Sandane for å vere med på Sandanedagane. 

- Vi gler oss til å kome på stand, seier leiar i klubben Ottar Berg.

Vise fram sporten

På standen vil ein finne Ottar Berg saman med fleire andre medlemer i klubben. Dei ønskjer alle velkomne til å lære meir om handbak.

- Vi ønskjer å vise og fortelje dei som er interesserte litt om sporten, seier Berg.

Laurdagen blir det også høve til endeleg å bestemme kven i venegjengen som er best i handbak, med god dømming.

- Det er nok fleire som ønskjer å utfordre ein nabo eller ein ven, noko det absolutt blir moglegheit til. Då blir vi dommarar, slik at vi kan få skikkelege kampar på ekte vis, smiler Ottar Berg.

Powered by Labrador CMS