
Inntaket til vidaregåande klart: Opprettar 24 nye klassar i Vestland
Alle søkjarar med rett til opplæring har no fått tilbod om skuleplass på vidaregåande skular i Vestland. For å sikre plass til alle, er det oppretta 24 nye klassar i løpet av sommaren.
Fylkeskommunen har i år registrert og behandla over 24 000 søknader til dei offentlege vidaregåande skulane i fylket. Nesten 20 000 søkjarar er tatt inn på ulike tilbod. Alle søkjarar har fått eit tilbod som er i tråd med deira rett til skuleplass.
Etter tredje inntaksrunde har 82 prosent av søkjarane fått tilbod om den skuleplassen dei helst ville ha. Dette er det same resultatet som i fjor. Dei som har fått tilbod i Vigo i denne runden takkar ja med å møte på skulen til skulestart.
24 nye klassar
Det har i år vore større utfordringar med å sikre eit tilbod til alle søkjarane. Den største utfordringa er skilnaden mellom kva for yrkesfag søkjarane ønskjer seg, og kva skulane i nærleiken tilbyr. Dette gjeld særleg i og rundt Bergen.
I tillegg er det fleire søkjarar som har rett på skuleplass etter den nye opplæringslova, og talet på søkjarar til yrkesfag har auka over fleire år.
For å sikre eit tilbod for alle søkjarane har Hovudutval for opplæring og kompetanse gjort vedtak om at fylkesadministrasjonen kan opprette fleire klassar.
Totalt er det oppretta 24 nye klassar i løpet av inntaket. Dette har gjort at alle får eit tilbod dei har rett til, og at fleire søkjarar har fått eit tilbod dei har ønskt seg.
Samtidig som det er oppretta nye klassar, er åtte klassar justerte ned på grunn av lågt elevtal.
Søkjarane sitt tilbod om opplæring er ikkje påverka av nedjusteringane.
Justeringane er gjort i tråd med den administrative fullmakta som er gitt av Hovudutval for opplæring og kompetanse. Etter justeringa har alle søkjarar til vg1 fått eit tilbod innanfor inntaksområdet sitt i tråd med regelverket.
Møt fram til skulestart
Det er viktig at alle elevar møter på skulen til skulestart der dei har fått tilbod om skuleplass. Dei som ikkje møter, mister plassen – som då blir gitt vidare til andre søkjarar. Elevane får informasjon om skulestart direkte frå skulen. Oppdatert informasjon finst òg på nettsidene til skulane.
Elevar som ønskjer plass på tilbod som er ledige, kan ta kontakt med den skulen dei ønskjer å gå på.
Informasjon om skulestart
Dei vidaregåande skulane legg ut informasjon om skulestart på nettsidene sine.