
Ingen vektauke av grovbrød
Mangeårig studie stadfestar og avkreftar mytar om brødeting.
Gjennom den såkalla HUSK-studien har forskarar ved Senter for ernæring på Universitetet i Bergen følgt kosthaldet til 1700 nordmenn sidan slutten av 90-talet.
Ifølgje NRK har forskarane mellom anna kartlagt samanhengen mellom brød-eting og vekt. Studien viser at dei som åt grovbrød, uavhengig av mengde, ikkje gjekk opp i vekt.
Annonse
Forskarane fann derimot ein samanheng mellom det å ete mykje kvitt brød, og vektauke, skriv NRK. (©NPK)