Dei mjølkebaserte drikkane frå Tine, slik som Yt, møter sterk konkurranse frå utanlandske leverandørar. Illustrasjonsfoto: Andrea Thiis-Evensen/NTB/NPK.

Importert milkshake utfordrar norske mjølkebønder

Importen av mjølkebaserte proteindrikkar har auka kraftig det siste året.

Publisert

Skal ein importere fersk mjølk til Noreg, er tollsatsen på 443 prosent. Blandar ein inn litt sjokolade, jordbær eller ekstra protein er tollsatsen berre 2,12 kroner per liter, ifølgje Nationen.

Ifølgje avisa har den auka interessa for proteinrike produkt som cottage cheese og sjokolademjølk vore med på å gi gode rekneskapstal og nytilsetjingar i Tine dei siste åra. Men no vil også utanlandske aktørar prøve å skumme fløyten av den auka etterspurnaden.

Statistikk frå Landbruksdirektoratet viser at importen av mjølkebaserte drikkevarer auka med 48 prosent første halvår i år samanlikna med same perioden i fjor. Det er snakk om 4789 tonn mjølkebaserte drikkevarer til ein verdi av 161 millionar kroner.

Kommunikasjonssjef Sindre Ånonsen i Tine seier at konsekvensen av dei låge tollsatsane på denne typen varer er at importerte produkt tek marknadsdelar og volum frå norske mjølkebønder. Han meiner at denne importen utfordrar modellen med mjølkeproduksjon over heile landet. (©NPK)

Powered by Labrador CMS