– Ikkje sprengfyr når du kjem til kald hytte
Til helga reiser mange nordmenn av garde til ei iskald hytte. Då kan det vere lett å byrje med sprengfyring - noko som kan føre til pipebrann.
I fjor vart det registrert 1033 pipebrannar her i landet, ifølgje tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
– Feil fyring og dårleg vedlikehald er ofte årsaka til pipebrann, men heldigvis er det lite som skal til for å hindre det. Nokre enkle tiltak og ikkje sprengfyre, er ein god stad å starte, seier fagsjef bygning i Frende Forsikring, Lill Cecilie Bjørndal Klementsen i ei pressemelding.
Når ein kjem fram til ei mørk og kald hytte, er det freistande å kome seg inn og fyre opp med éin gong. Spesielt når det er så kaldt som no.
– Før du gjer noko som helst må du sjekke at det er mogleg å kome seg fort ut om noko skjer. Ei innesnødd hytte er ein brannrisiko, så sørg for at det ikkje ligg snø utanfor vindauge og dører som blokkerer rømmingsvegane, seier fagsjefen.
Det er viktig at omnen eller peisen har god trekk og at lufteventilane, eller spjeldet på peisen, er opne. Test trekken ved å halde ei fyrstikk eller eit stearinlys i opninga og sjå om flammen blir trekt inn mot pipa. Har du ein eldre peis bør du vere ekstra påpasseleg. Nye peisar er ofte tryggare og gir betre varme, medan gamle eldstader kan ha høgare risiko for feil trekk.
Bruk helst tørr ved når du skal fyre opp i ein kald omn eller peis.
– Fuktig ved brenn dårlegare, gir meir sot og aukar risikoen for pipebrann. I tillegg får ein mindre varme for pengane, seier Klemetsen. (©NPK)