
I dag heisar vi flagget!
8. mai er frigjeringsdagen i 1945.
Med bileta frå Ukraina og Gaza som grusame vitnemål om kva krig verkeleg er, er det all grunn til å heidre dei mange som gjennom fem mørke år kjempa for at Noreg skulle vere eit fritt land, og for at nordmenn skulle få leve i eit fredeleg demokrati.
8. mai 1945 er ein dato vi aldri må gløyme, men feire og flagge for.
Annonse
I dag heisar vi flagget i glede, takksemd og respekt for dei som var villige til å ofre alt for Noreg under Den andre verdskrigen.