
Huseierne til lånekundar: Ta kontakt med banken din!
Mange har store utgifter til å bu og kjenner seg ikkje igjen i at me har fått betre råd, seier Huseierne, som ønskjer nyheita om rentekutt velkommen.
Avgjerda om å kutta renta med 0,25 prosentpoeng var rett, meiner Carsten Henrik Pihl, leiar for politikk, samfunn og berekraft i interesseorganisasjonen.
Huseierne viser til at Noregs Bank tidlegare har gitt signal om at det vart rentenedgang i haust, og at det då var føreseieleg å følgja opp no.
– Hushalda har store utgifter til det å bu, og difor er det rett med ein rentenedgang no. Mange hushald kjenner seg ikkje igjen i bodskapen frå politikarar og økonomiekspertar om at me har fått betre råd. Det er særleg auka kommunale avgifter som driv kostnadsaukane, seier Pihl.
Han viser til at ein familie med ei inntekt midt på treet (medianinntekt) bruker 30 prosent av lønningsposen til å dekkja bustadutgifter som ikkje kan veljast bort. Andelen var 20 prosent i 2020.
– Bustadlånsrenta er no over 6 prosent for veldig mange. Med denne rentenedgangen skal dei fleste ned på 5-talet, og fleire bør snusa på 4-talet, seier Pihl og ber folk om å ta kontakt med banken sin med éin gong for å få sett ned renta. .
– Bankane kan venta to månader med å setja ned renta for eksisterande kundar, men be om nedsetjing med ein gong! Alternativt må ein vurdera å byta bank, seier Pihl. (©NPK)