Helse- og omsorgsminister Bent Høie seier at faren for ei ny smittebølgje er stor. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Høie: Tiltaka kan ha hatt effekt, men faren er ikkje over

Helseminister Bent Høie (H) seier at nye tal viser at dei strenge smitteverntiltaka som vart innførte for halvanna veke sidan, kan ha hatt effekt på smitten.

Han viste på koronapressekonferansen på onsdag til at nye tal frå Helsedirektoratet viser at folk har redusert talet på nærkontaktar, og at færre har vore i situasjonar der det er vanskeleg å halde mindre enn éin meters avstand.

Dei siste dagane har smitteauken vorte noko dempa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høie understreka likevel at faren ikkje er over, og at faren for ei ny smittebølgje er stor.

På spørsmål om korleis ein vurderer den samla effekten av at befolkninga stort sett har halde seg for seg sjølv, svarte folkehelsedirektør Camilla Stoltenberg at det førebels er for tidleg å seie.

– Vi ser at det denne veka kan det vere teikn til ei utflating, men det er det òg for tidleg å seie. Vi må klare å skilje tydelegare mellom dei som er testa og er positive etter innreise til Noreg, og dei som er oppdaga på anna vis. Det vil vi analysere nærare i dagane som kjem, sa Stoltenberg.