Her stod eit juletre...
Tysdag kjøpte ein kunde eit juletre med Klakegg Juletreskog på Heradsplassen på Sandane. Treet blei sett til side ved informasjonstavla for henting med tilhengjar onsdag morgon.
Då kunden kom tilbake, var juletreet vekk - sjølv om det var tydeleg merka med namn.
Annonse
No oppmodar den juletrelause kunden den eller dei som tok med seg treet om å setje det tilbake i løpet av kvelden eller natta, slik at den gode julekjensla kan senke seg både for han som manglar tre og for vedkomande som har eit tre som er nokon andre sitt...