
Her kan du sikre deg ein godbit for ein billeg penge
Loppemarknaden er ein populær klassikar på Sandanedagane. Også denne gongen vert det «lopperier» i Firdavegen tre dagar til endes, der du kan sikre deg både ein og fleire godbitar til ein billeg penge. Dette er berekraft i praksis.
Også i år melder arrangørane om rikeleg med lopper, som berre ligg og ventar på å få ny eigar. Ein held som før til i lokala i Firdavegen, på vegen opp mot Idrettsplassen og Firda vgs.
Rikt utval
Lopperiet har samla inn lopper over heile året, og no er dei endeleg klare til å sleppe dei over Sandanedagane.
- Vi har samla på ting og tang og mangt og mykje gjennom heile året, så no har vi ei flott samling med lopper vi håpar at folk vil finne det spennande å leite gjennom, seier ei av eldsjelene i Lopperiet, Berit Gloppestad.
Her kan ein finne både bruksting og pynteting, som kanskje var akkurat det du mangla, eller som passar perfekt i heim eller hytte.
Stiller på dugnad
Lopperiet har også ope ved andre høve, m.a. når det er landsbylaurdag på Sandane. Elles er det avgrensa kva ein har mannskap til å rekke over. Men når det stundar mot Sandanedagane og det årlege høgdepunktet for loppefolka, har det ikkje vore vanskeleg å få folk til å stille på dugnad.
- Folk er veldig villige til å stille på og hjelpe til. Den einaste utfordringa på denne tid er at folk er på ferie. Elles er det ikkje problem å få tak i dugnadsfolk så vi kan halde det gåande gjennom heile helga, fortel Berit.
Ho håpar likevel at fleire vil melde seg på for å hjelpe til.
- Det er ofte den same gjengen som stiller år etter år. Vi blir ikkje yngre, so det hadde vore veldig kjekt å få inn litt nye folk også. Det er berre å melde seg, slår ho fast.
Ta med eigen handlepose
Som tidlegare kjem arrangørane med oppmoding om at folk tar med seg eigne handleposar når dei handlar på loppemarknaden.
Dei har vorte dyre i vår tid, og når varene som vert handla er så billege, et det av overskotet om ein må dele ut mange posar…