
Heider til «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» under TV-pris-utdeling
NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har fått heiderleg omtale i den europeiske kringkastingsprisen Prix Circom.
Programmet blei tildelt ein såkalla Commended-pris i kategorien «Drama and Entertainment» for episoden om engelskmannen Ben Ward, som forlét London og flytta til ein aude fjellgard i Sogn.
I grunngivinga frå juryen heiter det mellom anna: «Dette er ei vakker historie med høg produksjonskvalitet og storslåtte landskap. Bens ærlegdom er rå og emosjonell. Han deler både oppturar og nedturar i sin nye livsstil, som bringer med seg både einsemd og isolasjon. Det fantastiske landskapet og bilda tilfører programmet endå ein dimensjon – naturen blir ein karakter i seg sølv.»
– Dette er utruleg stas, og ei anerkjenning til heile teamet bak serien. Det er også ein heider til Ben Ward og alle dei andre flotte menneska i serien, som slepper oss inn på tunet – og inn i livet, seier programleiar Noralv Pedersen i ei pressemelding.
Circom er ei samanslutning av regionale TV-kanalar i Europa. Prix Circom har blitt delt ut sidan 1990, og i år kom det inn 220 bidrag frå heile kontinentet. Prisutdelinga skjer torsdag under Circoms årskonferanse i Barcelona.
Den nyaste sesongen av programserien hadde i snitt over 1,1 millionar sjåarar per episode. Serien har også blitt ein såkalla binge-favoritt og var det femte mest sette programmet på NRKs strøymeteneste i 2024. (©NPK)