
Hege Lothe til hovudutval for opplæring
Onsdag gjorde fylkestinget i Vestland nyval etter at gruppeleiar for SV, Marthe Hammer, er blitt ny stortingsrepresentant for SV.
Marianne Sæhle (59) frå Åsane i Bergen blir ny gruppeleiar, og Åsmund Berthelsen frå Sunnfjord held fram som leiar i hovudutvalet for opplæring og kompetanse. Fylkestingsmedlem Hege Lothe går frå næringsutvalet til å bli ny medlem i hovudutval for opplæring og kompetanse.
- Eg ser fram til å få vere med på å jobbe meir med vidaregåande opplæring i Vestland. Det er eit veldig viktig politikkfelt både for ungdomane, føresette, lokalt næringsliv og for samfunnsutviklinga, seier Hege Lothe i ei pressemelding.
Annonse
For SV vart det også gjort andre endringar, slik at Alexander Papas blir nestleiar i hovudutval for samferdsle og mobilitet, og Symphorien Pombe går inn i fylkestinget og blir medlem i hovudutval for kultur, idrett og inkludering.