Håpar mange vil røyste på Fylkesveg 615
– Det er trasig å ha ein så dårleg veg. Men når vi først har det, er det kjekt av det blir lagt merke til og at vi er med i finalen, seier Olav Klungre, mangeårig forkjempar for ei utbetring av Fylkesveg 615 Storebru-Sandane.
Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV) skal kåre den verste fylkesvegen i Noreg, og no er dei ti finalistane klare. Éin av vegane på lista er Fylkesveg 615 Storebru-Sandane.
Frist 1. oktober
Dei ti finalistane er lagde ut til avstemming på norgesveier.no, og alle som vil kan stemme på den vegen dei meiner er verst. Fristen for å delta i avstemminga er 1. oktober, og Noregs verste fylkesveg vil bli offentleggjort 8. oktober.
Over 1500 nominasjonar var sendt inn frå folk over heile landet. Juryen, som består av representantar frå næringsliv og transportbransjen, har lagt vekt på tryggleik, framkomelegheit og kor viktige vegane er for kvardagsliv, beredskap og næringsliv.
– Det er stor konkurranse om vegmidlar, og i den samanheng er det viktig å få litt blest rundt den vegen ein vil ha utbetra. Det er ikkje tvil om at media har ganske stor makt i samfunnet vårt. Å bli lagt merke til i media betyr noko, og det set vi pris på. Vi har mange dårlege strekningar igjen og punkt som må på plass om vi skal få ein brukande veg, seier Olav Klungre, styreleiar i Midtvegen 615 AS.
Einaste i gamlefylket
            Han håpar mange blir med på stemme fram Fylkesveg 615, slik at denne går heilt til topps i kåringa.
– Eg håpar at det er fleire enn berre hyarar som deltek i avstemminga. Fylkesveg 615 er den einaste finalisten i gamle Sogn og Fjordane. Éin veg i Hordaland er òg plukka ut, så det er to finalistar frå Vestland med, held Klungre fram.
I ei kåring frå 2018 vart vegen gjennom Hyen kåra til Noregs nest verste veg.
- Då hamna E16 på topp, og denne har i etterkant fått midlar til ny veg og tunnelar, i kombinasjon med parallell jernbane mellom Arna og Stanghelle, fortel han.
- Gjevande arbeid
– Du har kjempa for Fylkesveg 615 i ei årrekkje?
– Ja, i 2007 starta vi ei arbeidsgruppe, og i 2013 vart vegselskapet Midtvegen 615 AS skipa. Å vere med i dette arbeidet ligg innanfor fag- og interessefeltet mitt, og det har eg funne både meiningsfullt og kjekt, seier Klungre, og legg til at han gleder seg over å sjå at arbeidet har gjeve resultat i form av punktvise utbetringar på strekninga.
– Det pågår anleggsarbeid på Solheim i dag, fortel han, og viser til at her skal byggjast ny bru.
– Det er gjevande å vere med på å jobbe for ein betre veg. Når det no viser seg at han er éin av dei ti dårlegaste i landet, kan det berre gå oppover.